Om ordningen

Mål for ordninga og målgruppe

Midlane skal nyttast til drift av Skjærgårdstjenesten, og gjeld berre for dei faste einingane i Skjærgårdstjenesten langs kysten frå Halden til og med Møre og Romsdal.

Driftsområdestyre (i Oslofjorden og til og med Telemark), kommunar med eiga driftseining i Skjærgårdstjenesten i Agder, dei 5 interkommunale friluftsråda i Vestkystparken (driftseiningar i Skjærgårdstjenesten) og Sunnmøre Friluftsråd (driftsområde Møre og Romsdal) kan søke om driftstilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Midlane skal gå til å dekke utgiftene til praktisk drift og forvaltning av skjergardsparkar og andre offentleg sikra friluftslivsområde langs kysten, knytt til drifta av Skjærgårdstjenesten i Oslofjorden, på Sørlandet, i Vestkystparken og i Møre og Romsdal.

I forbindelse med Stortingets vedtak av budsjettet for 2024, er midlane til driftsområda i Skærgårdstjenesten fordelt på følgjande måte i 2024:

  • Ytre Oslofjord Øst (Østfold fylkeskommune): 3,430 mill. kroner
  • Indre Oslofjord (Akershus fylkeskommune): 3,525 mill. kroner
  • Ytre Oslofjord Vest (Vestfold fylkeskommune): 3,675 mill. kroner
  • Telemark (Telemark fylkeskommune): 3,735 mill. kroner
  • Aust-Agder (Agder fylkeskommune): 3,600 mill. kroner
  • Vest-Agder (Agder fylkeskommune): 4,600 mill. kroner
  • Vestkystparken inkl Fjordane FR (Vestland fylkeskommune): 5,600 mill. kroner
  • Møre og Romsdal (Møre og Romsdal fylkeskommune): 1,525 mill. kroner

Driftseininga i Sogn og Fjordane vil få midlar via Vestkystparken.

 

Kor skal søknaden sendast og om krava til innhaldet i søknaden

Søknad om driftsmidlar for dei ulike einingane skal adresserast til fylkeskommunen (skjer automatisk generert ut fra adressen til den som søker).

Søknad om driftsmidlar skal innehalde rekneskap og rapport for siste år og driftsplan og budsjett for kommande år, og det er også viktig at budsjett/rekneskap syner eigen lokal finansiering og andre finansieringskjelder.

Det er dessutan ynskjeleg å få inn ein oversikt over kor mykje båtaktivitet det var i fjor og kva som planlegges i 2023, gjennom at ein dokumenterer timetal på motor (brutto) og netto timetal til reine skjergardstenesteoppgåver ved å trekke frå antal timer brukt til anna formål (dette ligg inne som obligatorisk utfylling i skjemaet).

Driftsrapport må minimum innehalde noko om bemanning/personal gjennom året, viktige oppgåver som er utførte, samarbeid med SNO, noko om båtstatus og båtdrift inkl motortimar, og noko om resultat gjennom året og kanskje nokre bilder. Driftsplanen må beskrive mål og planar for dei samme punkta som er krevd i rapporten. Sjå ellers dei vedlagte eksempla på driftsplan, og ei innhaldsliste som Agder fylkeskommune har utarbeidd - den er ein god mal for innhaldet i desse dokumenta.

Sakshandsaming

Det er fylkeskommunane som sakshandsamar søknadane, og dei vil gje eit svar på søknaden innan 15.april.

Miljødirektoratet kan også som tidlegare sette nokre vilkår for bruk av dei statlege driftsmidlane.

Nyttige dokumenter

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1.februar 2024 for søknad om driftstilskot. Alle søkjarar skal få svar innan 15. april 2024.

Søknadsarkiv

For søknader levert tidligere, se søknadsarkivet.

Spørsmål og hjelp

Spørsmål om søknadssenteret kan rettes til Miljødirektoratet på e-post esshjelp@miljodir.no eller telefon 951 23 500 (man - fre kl. 10.00 - 14.00).