Om ordningen

Mål

Målet for ordninga er å fremje viktige verktøy i ein førebyggjande miljøpolitikk. 

Ordninga omfattar driftstilskot til:

  • Stiftelsen Miljømerking

  • Standard Noreg

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot blir gitt som driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking og Standard Noreg. 

Tildelingskriterium

Klima- og miljødepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med verkemiddel som fremjar prioriterte miljø- og berekraftsmål. Tildeling av midlar er basert på organisasjonane sine resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Nyttige lenker

Søknadsfrist

17. januar 2025.

 
 

Søknadsarkiv

For søknader levert tidligere, se søknadsarkivet.

Spørsmål og hjelp

Spørsmål til søknaden kan rettes til Miljødirektoratet ved: 

Rådgiver Gunn Lise Haugestøl, e-post  gunn.lise.haugestol@miljodir.no. 

Spørsmål om søknadssenteret kan rettes til Miljødirektoratet på e-post esshjelp@miljodir.no eller telefon 951 23 500 (man - fre kl. 10.00 - 14.00).