Om ordningen
Tilskuddsordningen er fra 2025 slått sammen med to andre ordninger. Den nye tilskuddsordningen heter: Tilskudd til vannmiljøtiltak, kalking og anadrome laksefisk. Det nye søknadsskjemaet er åpnet fra 1. november 2024 og søknadsfrist er 15. januar 2025.
Mål for ordninga
Tilskotsordninga skal bidra til å nå miljømåla i vassforskrifta. Vatn skal beskyttast mot forringing, forbetrast og gjenopprettast med sikte på at vassforekomsten skal minst ha god økologisk og god kjemisk tilstand. Tilstanden til vassforekomstane finn du i Vann-Nett. Tilskot blir tildelt for eitt år om gongen.
Målgruppe
-
vassområdeutval
-
interkommunale vassprosjekt
-
kommunar
-
forskingsinstitusjonar
-
frivillige organisasjonar
-
private verksemder
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som inngår som del av arbeidet med regionale vassforvaltningsplanar med tiltaksprogram vil bli prioritert.
Høgt prioritert:
- Miljøforbetrande tiltak og da særleg restaureringstiltak med formål å betre miljøtilstanden i vatn.
Mindre prioritert:
- Tilrettelegging og organisering.
- Informasjon. rettleiingsmateriell og seminar.
- Utredningar, forskning og utvikling.
Lågt prioritert:
- Problemkartlegging (avdekke påverkar (problemeigar) av vassforekomsten eller effekt av påverknad).
Der det fins ein ansvarleg tiltakshavar, er det i utgangspunktet tiltakshavar sjølv som skal ta kostnaden med å gjennomføre tiltak og undersøkinga etter forureinar-betalar prinsippet. Der det er ein ansvarleg tiltakshaver, blir det ikkje gjeve tilskot etter denne ordninga.
Miljødirektoratet handsamar søknaden innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter oppfyller kravet til innhald i søknaden, og det kan bes om utfyllande opplysninger om det er nødvendig for å handsame søknaden. Sjølv godt kvalifiserte søknadar kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.
VeiledningBeskriving av tiltaket – max ½ -1 side :
- Namn vassforekomst(ar) som tiltaket gjeld for, med vassforekomstID. Lenke til sted for å finne vassforekomstID: VannNett-Portal (vann-nett.no).
- Opplyse om fase i restaureringsprosjektet: Fase 1. Kartlegging. Fase 2. Planlegging. Fase 3. Starte gjennomføring. Fase 4. Deler av tiltaket er gjennomført.
- Informasjon om tiltaket går fram av vassforvaltningsplan med tiltaksprogram.
- Informasjon om kva for miljøforbedring/effekt tiltaket er forventa å ha. Dette er særs viktig å beskrive.
- Om tiltaket utløyser midlar hos fleire aktørar, eller blir samfinansiert av fleire aktørar.
- Om tiltaket manglar andre finansieringsordningar.
- Tiltaket har overføringsverdi/eksempelverdi.
- Status for eventuelle tillatelsar som tiltaket krever.
- Minstesum 50.000 kr
Nyttige lenker
-
Forskrift om tilskudd til generell vannforvaltning
lovdata.no
-
Vann-Nett
vann-nett.no
-
Vannmiljø
miljodirektoratet.no
-
Restaurering
vannportalen.no
-
Eksempler på tiltak for et godt vannmiljø
vannportalen.no
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. januar 2025.
Vær oppmerksom på at denne fristen er absolutt og søknadssenteret stenger mottak av søknader klokka 23.59 15. januar 2025
Søknadsarkiv
For søknader levert tidligere, se søknadsarkivet.Spørsmål og hjelp
Spørsmål om søknadssenteret kan rettes til Miljødirektoratet på e-post esshjelp@miljodir.no eller telefon 951 23 500 (man - fre kl. 10.00 - 14.00).