Om ordningen

Mål for ordninga og målgruppe

Midlane skal nyttast til drift av Skjærgårdstjenesten, og gjeld berre for dei faste einingane i Skjærgårdstjenesten langs kysten frå Halden til og med Møre og Romsdal.

Driftsområdestyre (i Oslofjorden og til og med Telemark), kommunar med eiga driftseining i Skjærgårdstjenesten i Agder, dei 5 interkommunale friluftsråda i Vestkystparken (driftseiningar i Skjærgårdstjenesten) og Sunnmøre Friluftsråd (driftsområde Møre og Romsdal) kan søke om driftstilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Midlane skal gå til å dekke utgiftene til praktisk drift og forvaltning av skjergardsparkar og andre offentleg sikra friluftslivsområde langs kysten, knytt til drifta av Skjærgårdstjenesten i Oslofjorden, på Sørlandet, i Vestkystparken og i Møre og Romsdal.

I forbindelse med Stortingets vedtak av budsjettet for 2023, er midlane til driftsområda i Skærgårdstjenesten foreslått fordelt på følgjande måte i 2023:

  • Ytre Oslofjord Øst (Viken fylkeskommune): 3,250 mill. kroner
  • Indre Oslofjord (Viken fylkeskommune): 3,355 mill. kroner
  • Ytre Oslofjord Vest (Vestfold og Telemark fylkeskommune): 3,500 mill. kroner
  • Telemark (Vestfold og Telemark fylkeskommune): 3,555 mill. kroner
  • Aust-Agder (Agder fylkeskommune): 3,425 mill. kroner
  • Vest-Agder (Agder fylkeskommune): 4,380 mill. kroner
  • Vestkystparken inkl Fjordane FR (Vestland fylkeskommune): 5,325 mill. kroner
  • Møre og Romsdal (Møre og Romsdal fylkeskommune): 1,450 mill. kroner

Den nye driftseininga i Sogn og Fjordane vil også i 2023 få midlar via Vestkystparken.

 

Kor skal søknaden sendast og om krava til innhaldet i søknaden

Søknad om driftsmidlar for dei ulike einingane skal adresserast til fylkeskommunen (skjer automatisk generert ut fra adressen til den som søker).

Søknad om driftsmidlar skal innehalde rekneskap og rapport for siste år og driftsplan og budsjett for kommande år, og det er også viktig at budsjett/rekneskap syner eigen lokal finansiering og andre finansieringskjelder.

Det er dessutan ynskjeleg å få inn ein oversikt over kor mykje båtaktivitet det var i fjor og kva som planlegges i 2023, gjennom at ein dokumenterer timetal på motor (brutto) og netto timetal til reine skjergardstenesteoppgåver ved å trekke frå antal timer brukt til anna formål (dette ligg inne som obligatorisk utfylling i skjemaet).

Driftsrapport må minimum innehalde noko om bemanning/personal gjennom året, viktige oppgåver som er utførte, samarbeid med SNO, noko om båtstatus og båtdrift inkl motortimar, og noko om resultat gjennom året og kanskje nokre bilder. Driftsplanen må beskrive mål og planar for dei samme punkta som er krevd i rapporten. Sjå ellers dei vedlagte eksempla på driftsplan, og ei innhaldsliste som Agder fylkeskommune har utarbeidd - den er ein god mal for innhaldet i desse dokumenta.

Sakshandsaming

Det er fylkeskommunane som sakshandsamar søknadane, og dei vil gje eit svar på søknaden innan 15.april.

Miljødirektoratet kan også som tidlegare sette nokre vilkår for bruk av dei statlege driftsmidlane.

Nyttige dokumenter

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1.februar 2023 for søknad om driftstilskot. Alle søkjarar skal få svar innan 15. april 2023.

Søknadsarkiv

For søknader levert tidligere, se søknadsarkivet.

Spørsmål og hjelp

Spørsmål om søknadssenteret kan rettes til Miljødirektoratet på e-post esshjelp@miljodir.no eller telefon 951 23 500 (man - fre kl. 10.00 - 14.00).