Tilskudd til vassmiljøtiltak – generell vassforvaltning

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til at ein når miljømåla i vassforskrifta.

Målgruppe for ordninga er vassområdeutval, interkommunale vassprosjekt, kommunar, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar. Fylkeskommunar og fylkesmannen kan (berre) søke på vegne av fleire kommunar/vassområde men da må det presiserast i søknaden.

Konsulentfirma og AS (private firma) kan ikkje søke om tilskot.

Tilskot kan bli gitt til:

  • Tiltak, tilrettelegging og organisering knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar.

  • Informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar.

  • Utgreiingar og andre tenestekjøp.

Søknader om tilskot til tiltak som inngår som ein del av arbeidet med regionale vassforvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram, og prosjekt som har overføringsverdi til andre vassområde, vil bli prioriterte.

I 2018 er ønsker vi særleg søknader til miljøforbetrande tiltak.  Tiltak som er omtalt i vedtekne kommuneplanar knytt til vassmiljø er og relevante. Tiltak der tiltakshavar har krav om undersøkingar eller tiltak gjennom pålegg eller regelverk prioriterast ikkje. Et eksempel på dette er avløpstiltak som kommunane har krav på seg å gjennomføre. Utredning til slike tiltak kan vurderast.

Ein del av tilskotet er avsett til rettleiing og organisering knytt til arbeidet i vassområda. Tiltak for å sikre medverknad i forbindelse med førebuing av neste planperiode er og aktuell innanfor dette.

Problemkartlegging som har til hensikt å avdekke problemeiger eller effekt av påverknad kan vurderast dersom det er omtalt i eit regionalt tiltaksprogram eller ein regional vassforvaltningsplan.

Utviklingsprosjekt som omhandlar utvikling av tiltak, klimatilpassing av tiltak, eksempelsamlingar o.l. vurderast. Ein del av midlane er avsett til utviklingsprosjekt. Utviklingsprosjekt utover dette prioriterast lågare enn tiltak som har ein direkte vassmiljøforbetrande effekt.

Det gis ikkje tilskot til friluftslivtiltak som fysisk tilrettelegging av stiar, benker, kunstinstallasjonar eller tilsvarande langs vassdrag/kyst. Det finns eigne tilskotsordningar for friluftslivtiltak.

  • Ved vurdering av om det gis tilskot vil vi legge vekt på om: Tiltaket har overføringsverdi/eksempelverdi

  • Tiltaket kan utløyse midlar hos fleire aktørar eller samfinansierast av fleire aktørar

  •  Tiltaket manglar andre finansieringsordningar. Restaureringstiltak og miljøforbetrande tiltak som gjennomførast av frivillige organisasjonar er eksempel på dette.

Vi gjer oppmerksam på at søknaden kan avslås på bakgrunn av manglande rapportering på tidligare tildelingar.

 

Innhald i søknaden

Søknad skjer ved utfylling i Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter (ESS). Prosjektplaner, budsjett og liknande  kan leggjast ved.

Søknaden bør innehalde:

  • Namn vassforekomst(ar) som tiltaket gjeld for , med vassforekomstID.

  • Informasjon om tiltaket går fram av vassforvaltningsplan med tiltaksprogram, kommuneplan eller tilsvarande og vise til dokument(ar) der dette tiltaket er omtalt

  • Informasjon om kva for effekt tiltaket er forventa å ha.

Det må tydeleg gå fram av søknaden kva det søkast om tilskot til.

Tilskot gis i eit år av gangen. Dersom det tiltaket er eit fleirårig prosjekt bør hele prosjektperioden beskrivast kort, men med detaljert utgreiing over kva som skal gjennomførast i 2018. 

Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast.

Søknaden skal innehalde informasjon om det er søkt om andre tilskotsordningar, enten hos Miljødirektoratet eller andre. Søknaden skal innehalde informasjon om budsjett med oversikt over inntekter og utgifter.

Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er naudsynt  for å handsame søknaden; særleg krav til informasjon i søknader med høgare beløp og der det er fleire prosjekt eller flerårige prosjekt.

Forhold til andre tilskotsordningar

Der det er søkt om tilskot etter andre tilskotsordningar hos Miljødirektoratet, fylkesmannen eller andre som ikkje Miljødirektoratet har ansvar for, skal det gå fram av i søknaden.

Søknader som skulle ha vore søkt etter andre tilskotsordningar der det er meir naturleg, kan få lågare prioritet.  

Hvor finner du søknadsskjemaet?

Søknaden blir tilgjengelig elektronisk ved å logge inn hvis du allerede har en bruker, eller registrere deg som ny bruker.

Søknadsfrist

Søknadsfristen i rundskrivet fra KLD er 15. januar 2018.

Miljødirektoratet har valgt å utsette fristen til 25.januar og søknader kan tas imot frem til da.

Trenger du hjelp?

For spørsmål vedrørende utfylling av søknaden kontakt Miljødirektoratet.

Logg inn

 

Nyttige lenker