Om ordningen

Mål for ordninga

Tilskotsordninga skal bidra til å nå miljømåla i vassforskrifta. Overflatevatn skal beskyttast mot forringing, forbetrast og gjenopprettast med sikte på at vassforekomsten skal minst ha god økologisk og god kjemisk tilstand. Tilstanden til vassforekomstane finn du i Vann-Nett. Tilskot blir tildelt for eitt år om gongen.

Målgruppe

  • vassområdeutval

  • interkommunale vassprosjekt

  • kommunar

  • forskingsinstitusjonar

  • frivillige organisasjonar

  • private verksemder

  

Kva for tiltak kan få tilskot 

Tiltak som inngår som del av arbeidet med regionale vassforvaltningsplanar med tiltaksprogram vil bli prioritert.

Høgt prioritert:

  • Miljøforbetrande tiltak og da særleg restaureringstiltak med formål å betre miljøtilstanden i vatn. 

Mindre prioritert:

  • Tilrettelegging og organisering.
  • Informasjon. rettleiingsmateriell og seminar.
  • Utredningar, forskning og utvikling.

Lågt prioritert:

  • Problemkartlegging (avdekke påverkar (problemeigar) av vassforekomsten eller effekt av påverknad). 

Der det fins ein ansvarleg tiltakshavar, er det i utgangspunktet tiltakshavar sjølv som skal ta kostnaden med å gjennomføre tiltak og undersøkinga etter forureinar-betalar prinsippet. Der det er ein ansvarleg tiltakshaver, blir det ikkje gjeve tilskot etter denne ordninga.

Miljødirektoratet handsamar søknaden innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter oppfyller kravet til innhald i søknaden, og det kan bes om utfyllande opplysninger om det er nødvendig for å handsame søknaden. Sjølv godt kvalifiserte søknadar kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Veiledning

Beskriving av tiltaket – max ½ -1 side :

  • Namn vassforekomst(ar) som tiltaket gjeld for, med vassforekomstID. Lenke til sted for å finne vassforekomstID:      VannNett-Portal (vann-nett.no).
  • Opplyse om fase i restaureringsprosjektet: Fase 1. Kartlegging. Fase 2. Planlegging. Fase 3. Starte gjennomføring. Fase 4. Deler av tiltaket er gjennomført.
  • Informasjon om tiltaket går fram av vassforvaltningsplan med tiltaksprogram.
  • Informasjon om kva for miljøforbedring/effekt tiltaket er forventa å ha. Dette er særs viktig å beskrive.
  • Om tiltaket utløyser midlar hos fleire aktørar, eller blir samfinansiert av fleire aktørar.
  • Om tiltaket manglar andre finansieringsordningar.
  • Tiltaket har overføringsverdi/eksempelverdi.
  • Status for eventuelle tillatelsar som tiltaket krever.
  • Minstesum 50.000 kr
  Søknaden gjeld for det som skal gjennomførast i 2024. Beskriv i tillegg heile prosjektet dersom dette går over fleire år. 

 

Nyttige lenker

Søknadsfrist

 

Søknadsfristen er 15. november 2023.

Vær oppmerksom på at denne fristen er absolutt og søknadssenteret stenger mottak av søknader klokka 23.59 15. november  2023

Søknadsarkiv

For søknader levert tidligere, se søknadsarkivet.

Spørsmål og hjelp

Spørsmål om søknadssenteret kan rettes til Miljødirektoratet på e-post esshjelp@miljodir.no eller telefon 951 23 500 (man - fre kl. 10.00 - 14.00).